FAKTA:
Fylker: Oppland, Møre og Romsdal
Opprettet: 2006
Areal: 1969 km2
Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest
største inngrepsfrie området i Sør-Noreg, og villmark
pregar dette særs varierte fjellområdet. Dei høgste
fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 m.o.h, medan det lågaste
punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. Her finn vi mykje av det
opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn,
jaktfalk og ryper.
Reinheimen er rik på kulturminne
etter den gamle villreinfangsten. Her er fangstgroper, massefangstanlegg,
bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka.
|