Helgetur til Besso på Hardangervidda, 24.-26. juli 1998.
Johan Havaas (1864-1956) botaniserte på Hardangervidda for
100 år sidan. Havaasgruppa i Granvin markerte dette med ein tur til
Besso tursithytte, der ein finn ein del rike botaniske lokalitetar i nærleiken.
10 deltakarar var med, og turleiar var Severin Kjerland. 24. juli starta
me turen frå Tinnhølen, og botaniserte oss innover turiststien
mot Sandhaug og vidare til Besso. Me fann vanlege fjellplantar som fjelltjøreblom
(Lychnis alpina), fjellfrøstjerne (Thalictrum alpinum), fjellmarikåpe
(Alchemilla alpina), fjellrapp (Poa alpina) og trefingerurt (Sibbaldia
procumbens).
Laurdag 25. juli gjekk turen mot Dimmedalen, sørvest for Besso.
Me gjekk turistvegen opp til brua over elva Besso, og fylgde elva på
søraustsida oppover mot Bessvatnet. På vegen fant me blant
anna ein bakke med store mengder reinrose (Dryas octopetala) i blom. Fjellveronika
(Veronica alpina), bergveronika (V. fruticans), marinøkkel (Botrychium
lunaria) og snøbakkestjerne (Erigeron uniflorus) var også
artar som vekte stor begeistring hjå deltakarane. På ei fuktig
grasmark like ved fann me også dvergjamne (Selaginella selaginoides).
Etter mange stopp og mykje fint å sjå kom me endelig til Dimmedalen,
målet for dagen. Nye artar for dagen var blant anna fjellnøkleblom
(Primula scandinavica) og grønnkurle (Coeloglossum viride).
Dimmedalen er spesiell. Midt inne på flate vidda finn vi denne
rike og frodige dalen med dei ”hengande blomebeda”. Hyller oppover fjellsidene
danner ei mengd fargerike bed, med blant anna reinrose (Dryas octopetala),
skoresildre (Saxifraga adescendens), gulsildre (Saxifraga aizoides), fjellsmelle
(Silene acaulis) i både radu og kvit variant, setermjelt (Astragalus
alpinus) og blindurt (Silene uralensis ssp. apetala). Dessverre hadde sommaren
så langt vore våt og kald, og me var ei veke med godt vêr
for tidleg ute til å sjå Dimmedalen frå si flottaste
side. På veg ned att til Besso fann me dvergsyre (Koenigia islandica)
og polarvier (Salix polaris) i eit fuktig snøleie nedanfor Skjonarhaug.
Laurdag kveld vart dagens funn oppsummerte. Det viste seg med nærmare
ettersyn at det var kryssinga mellom musøre og polarvier (Salix
herbaceae ´ polaris) me hadde funne, ikkje polarvier (S. polaris).
Sundagen vart det ikkje lagt opp til felles botanisering. Vêret
desse dagane var kjøleg med regnbyger. Slik hadde også sommaren
vore til no, noko som gjorde at ein del planter ikkje var komne så
langt som venta. Trass veret hadde me ein flott tur.
Liv Norunn Hamre
|